Gjett kven som reiser til Tyrkia i kveld? Eller ikkje hovudsakleg til Tyrkia, men til Gardemoen. Nattbussen står for tur, og reknar med at det ikkje blir mange timar med søvn. Derfor er det greit å ha sminke som får deg til å sjå litt meir våken ut, samtidig som eg også føler meg meir vel med desse produkta. Derfor tenkte eg å vise dikka kva som er i sminkeveska mi, medan eg er på tur. NB: Hugs at ein ikkje kan ha produkt over hundre milliliter!
Det fyrste eg pakka med meg er spungen min frå Real Teqnicues. Den blendar bb-kremen jamt, og tek liten plass, samtidig som ein kan gjere den stor ved hjelp av litt vatn. På huden brukar eg Loreal sin Skin Perfection som er min favoritt bb-krem. Den gir ein fin glød, samtidig som den dekkar litt. Eg likar hovudsakleg berre korleis den blir på ansiktet. For å lysne opp blikket, og sjå våken ut legg egg denne Anti age concealeren under augene, på haka, amorbogen, panna og på nasen. For å avslutta huden, og for å få litt sol i ansiktet legg eg på litt varmt solpudder på dei punkta sola hadde tatt.
Bryn, bryn og atter bryn. Det viktigaste i ansiktet må sjølvsagt vere med i mappa. Anastasia sin brow wiz, er sjølvsagt med. Det eg elskar med den er at den har ein børste på eine sida og farge på den andre. Fargen sit kjempe lenge, og passar perfekt til mine bryn. For å sette alt på plass heile flyturen legg eg på litt bryns gele, som er frå Maybeline. Denne innehelt litt farge også, så eg legg den på augevippene for å få eit naturleg blikk. Det ser ut som du ikkje har noko på vippene, men samtidig har ein litt. På våtkanten legg eg isadora sin nude liner, for å lysne opp blikket etter mange timar reise.
For å fukte leppe, legg eg på litt balsam frå Nivea. Denne smakar drit godt, og er super på leppene. Og våtserviettar veit ein alder når ein treng.