I dag fikk eg med meg Marte på trening, og ho har endeleg meldt seg inn på Toten. Som Marte har sagt i heile dag; no er det no mercy. Planen er at me skal ha fire faste dagar i veka med trening, tre med styrke og ein med cardio. I det siste har jo eg lagt på meg litt av det eg gjekk ned, noko som ikkje er til å stikke under ein stol. Kjærleikskiloane har meldt sin ankomst, noko som har ført til meir feitt på kroppen, redusert kondisjon og nedsatt muskelkraft. Men viktigast av alt er det å halde seg litt i aktivitet vertfall, og i dag hadde me vår fyrste økt. Under økta fann me ut at det er lurt å ha eit fast program å følgje for å få mest mogleg ut av økta.
Cubus har jo Big Smile dag i dag, så det var førti prosent på alt der til klokka var ti. Derfor var eg nede og kjøpte den siste julegaven for i år, og den skal også pakkast inn – så er eg ferdig. I tillegg måtte eg ha nokre nye sokker som var dødssøte med katter på. I tillegg har eg og treningspartneren min jobba med eksamen, laga oss salat og Helene sjekker inn rullar på TVen i bakgrunnen. Herlig tirsdags ettermiddag.