Etter fleire timar med fly og venting var eg endeleg på plass i Tyrkia. Gud så deileg det var å klemme gutten min igjenn! Vart møtt på flyplassen med eit stort smil og bamseklem. Med seg hadde han ein kompis som var så snill å køyrte oss. Når me kom heim til leiligheten var Michelle og Eren (kjæresten hennar) klare for å tilbringa ei veka med oss. Merkar allereie at det er kjempekoseleg, og skulle ønska det varte lenger. Me reiste på metro (stor butikk med mat, klede, elektronikk osv.) og handla inn mat til den kommande veka.  Korga vart ganske full etterkvart, kan du seie. Eren lagde spaghetti når me kom heim, og me reiste bort til anne. 

DA starta helvette og eg vart tvinga i eit glas med sitron, og forferdeleg te. Men gjett om det hjalp der og da. Seinare reiste me til Alanya sammen, men det tok ikkje mange timar før eg vart skikkeleg dårleg igjenn og måtte stikka heim. Partybreaker? Hell yeah. Sov til langt utpå dag i dag, og var død når eg stod opp. Lenge sidan eg har vore sååå dårleg.. Pusten var tung, alle ledda i heile kroppen vridde seg og stakk og feberen var på plass. Sia det er søndag er det i tillegg stengt av doktorane så me måtte på sjukehuset. Her fekk eg ei sprøya stokken i rompa, og tre medesinar som eg skal ta. Litt av ein start eller kva? 

Godt ein har tyrkisk kjæreste som passar ekstra godt på meg når eg er sjuk. Pluss ein litt overivrig tippegutt <3

 

Soli kom snikande i vindauga i dag i det eg våkna i armkroken til verdas beste kjæreste. Gud så deilig det var å komma hit, trur me trengte det begge to. Dagen i går vart sjølvsagt nytt til det ytterste sjølv om eg seriøst var dautrøtt. Etter å ha sove kun nokon tima vart det ein høneblund på meg klokka sju. Haha, uff må berre fortella dikka ein liten episode eg hadde i går. Me leige leilighet på mitos og eg skulle heimatt etter å ha sagt hade til min kjære Michelle. Eg stod med døra sikkert i fem minutt men fekk den ikkje opp! Det enda opp med at Mehmet måtte ta fri fra jobb for å hjelpa meg med døra! Snakk om kleint.

I dag skal me feira bayram og skal derfor ein tur til familien hans så eg får møte dei også. Blir kjempekoselig! I kveldinga trur eg at eg skal møta Lisa, som bur her nede. Så det blir jo også koselig. Håpar alle får ein super mandag! 🙂

Eit passande uttrykk for korleis eg føler meg atm. Sliten, dautrøtt og vil eigentleg berre sova. Hadde gitt myykje for å fått ei seng no. Tenk hadde dei hatt senge her på flyplassen, herrejesus kor fantastisk deilig det hadde vore. Ankom vel Gardemoen (veit at det eigentleg ikkje heiter Gardemoen, men eg er vel berre vant med det) i elleve tiden, og rakk akkurat starbucks før dei stengte. Gash så deilig det var med ein Chocolate Cream Chip, aka min favorittstarbucks. Reise til Gol i ellevetiden i dagtideleg og med tog fra Gol klokka åtte. Gjett om dette blir lange tjuefire timar. 

Men for all del. Når eg kjem fram til Tyrkia er det så verdt det! Han er sjølv så oppspelt at han ikkje har lyst å sove, men når eg no kike bort på skype samtalen vår ser eg at han endeleg har sovna. Stakkars gode gutten min. Planane for dagen er først og fremst å berre vere skikkeleg forelska i kvarandre, og nyta kvart einaste sekund. Han skal ikkje begynna på jobb før klokka fem heller, så det blir jo ufatteleg deilig. Han er min så og sei heile dagen ♥

Håpar alle får ein kjempe fin søndag, og at dikka også får ein kjempefin haustferie! Det skal vertfall eg ha 🙂

For første gang i livet mitt har eg prøvd parasailing og. Var kjempeskummelt, og eg som aldri har hatt høgdeskrekk begynte nesten å grina når me var på toppen. Men herrejesus så fint det var når eg endeleg fekk til å slappe av å faktisk kunne ta det med ro, og puste uten å få annfall. Neida, det var virkelig ikkje så gale. Absolutt verdt 75 lirer (gang det med tre for å få NOK). Ramadan er jo begynt her nede, og eg skjønnar virkelig ikkje korleis dei held ut. I dag låg gradestokken på rundt femti, også får dei ikkje lov til å drikka vatn før soli er gått ned. Nei det blir berre for gale, spør du meg. Det er jo rett og slett farlig.

Heldigvis har ikkje Mehmet ramadan, så eg får kyssa han så mykje eg vil, og ta på han akkurat når eg vil. Planane for kvelden er å ete ute med anne (mamma til mehmet), babba (stefar til mehmet), Irem (søstraa til mehmet) og Ibo (bror til Mehmet). Me skal køyra innover mot Mahmutlar og kose oss. Gjett om eg gledar meg. Sjølv om dei ikkje snakkar eitt ord engelsk, sett vekk fra Irem som snakkar lika mykje som ein førsteklassing. Det er virkelig godt å sjå at dei er så glad i meg, og eg gruar meg meir og meir for kvart sekund som går til å reise heim. Det har virkelig vore ei drømmeveka. 

Hei og god kveld/ettermidag alle sammen. Håpar alle har starta ferien sin lika bra som meg. Lovde å blogga her nede i Tyrkia, så her kjem mitt første innlegg. Sov lenge i dag til anne kom å vekte meg, og me åt frukost i lag. Var kjempekoselig. Klokka tolv når Mehmet kom heim fra jobb reiste me på stranda med Michelle (bildet ovanfor) og far hennar. Var første gang eg møtte ho irl, men har snakka ein del med ho på nettet men endeleg vart det virkeligheit. Og for ei herleg jenta! Vart liggande nokon timar, så vart jaggu litt farge på kroppen også, og solbrent både i trynet og på skuldrane. Men det er no fast.

Skal ete middag her heime i dag før det blir ut å ete dessert på treff, skal nemlig treffe ei vennine som forhåpentlegvis kjem seg hit. Så det blir jo veldig koselig. Gledar meg veldig til Mehmet er ferdig på jobb og eg endeleg kan få han for meg sjølv igjenn.

Eit smart tips når ein pakkar er å legga fram antrekk for antrekk. Som eg har gjort her. Overraskande nok så er eg ferdig med å pakke kleder i dag, noko som er ufattelig deilig! Skal vere ei veke så la fram seks antrekk, bikinar, undertør og sjølvsagt sko. Har med meg joggekleder i eit lite håp om at eg skal få jogge meg nokon turar. 

Eit anna pakketips er nemlig å rulle kleda, og å ta undertøyet nedi skoa dine. Det tek så mykje mindre plass, altså med andre ord meir plass til å kjøpe noko på. 

 

Hallo alle sammen, håpar alle kosar seg heime, eller på hytta! Fortsatt storkosar eg meg, sjølv om været har vore dritt i dag..
Håpar på betre vær i måro, og at sola kjem tilbake på himmelen. Ei veke er nesten gått og eg kvir meg skikkelig til å reise heim fra min kjære. Han skjemmer meg sånn bort, og eg kjem til å savne å vakne opp til ei hånd som held rundt meg kvar morgon. Mehmet gjer verkeleg alt for at eg skal trivast og for at eg skal føle meg som ei prinsesse, noko eg absolutt gjer <3

Hallo alle sammen! Haapar alle sammen har det supert i kalde Norge, eg storkosar meg vertfall her i syden. Mehmet kom paa flyplassen og tok oss godt i mot. Temperaturen ligg rundt 20-30 grader og det er veldig deilig. Var virkelig deilig og mota min fine igjen, men dagane gaar saa fort.. 

Skal blogga  lıtt seinare med  bılder ogsaa..