Fjo! Det var jaggu lenge sida. Tenk at sist eg blogga satt eg i solfylte Spania og blogga fra min lille iPhone SE. Kan ikkje akuratt seie at det er deilig å komme tilbake til denne temperaturen, men er jo greit å vere på norsk jord i det minste. Me hadde jo TIDENES flytur heim med meg som kasta opp så og sei halve vegen, og Tirilmor som kom med astmaanfall. Herlegheit! Det er berre eit ord som beskriver det, og det er kaos. 

Me har fått starta skuleåret med masse spennande psykiatri, og eg kjenner eg skal vere glad når eg har komt meg gjennom pensum. I dag skal eg faktisk ha mitt fyrste dag på den nye jobben. Om eg ikkje har sagt det har eg slutta på den gamle sjukeheimen, og skal byrje der eg hadde praksis. Wi! Eg trivdes rett og slett mykje betre der i forhold til dei ansatte, men også pasientane som ikkje er så “tunge”. Bloggen er noko eg har kjempe lyst til å drive på med, men eg blir SÅ umotivert når kameraet mitt er så shitty. For tiden ser eg på olympus PEN E-PL7 eller sony a5000. Enda så berre ser eg på, men eg har jo jobba masse i sommar, så kven veit? Kanskje det blir nytt kamera. Hadde bo vært cool og hatt eit bra kamera til me skal til Namibia neste juli vertfall. 

 

 

⋅ FINALLY 
 
Da har eg spelt inn ny video, og fjo, det var lenge sida eg sist snakka til eit kamera. Å ta bileter av alle tinga eg kjøpte er for meg mykje meir arbeid enn å setja meg ned å spele inn ei litta videoblogg. Eg låg jo rett ut i heile går så det var egentleg perfekt å redigere videoen da! Det er utruleg lenge sida eg har vore så dårleg som eg var i går. Kan med hånda på hjartet seie at eg va dødssleten av å ikkje gjere noko. På ettermiddagen skulle eg prøve å dusje, men enda opp å måtte sitte i dusjen. Huffameg. Heldegvis er eg blitt litt betre i dag, så da får eg prøva meg på å jobbe. Until next time, enjoy og god helg 🙂
 

 

For ei helg og for ei oppleving!!

Pride var verkeleg heilt sinsjukt, og ord kan ikkje beskriva kjensla av verken paraden eller korleis det var i sjølve pride park. For ein gongs skuld hadde eg med goproen min, men neida, den slutta å fungera før me begynte å gå i paraden. Hadde den fungert kunne de sett kor vilt det var og kor mykje glede som vart spredd rundt. Han me kjøpte =OSLO av i dag sa at det var nærmare 150 000 som hadde gått, pluss dei som hadde sett på. Det er masse mennesker. Fekk laga ein liten videosnutt da, men dette er berre byrjinga av priden. Tenkte også å leggje ut nokre iPhone-bilder i måro, så dikka får sjå kva me gjorde på i dag, men også resterande av gårsdagen. Har også handla litt (les: masse) i Oslo, så kanskje det blir innkjøpsinnlegg eller videoblogg. 

Mandag som betyr ny veke og nye moglegheitar. I dag var eg tilbake på skulebenken etter ei god stund. I grunn kan eg faktisk ikkje hugse sist eg satt i forelesninga, for det er utruleg mange veker sida. Praksisen nærmar seg med stormskritt, og denne veka har me eit “praksisopplegg”. Planen for i dag var å ha ulike scenario me skulle setja oss inn i, samt lære om livsglede til eldre. At noko så lite kan glede så mykje, er ufattelig! Små ting som å syngje litt til dei, ta ein tur ute i frisk luft eller å be dei vere med på å lage vafler. Gledar meg til å byrje i praksis så eg kan ta i bruk alt eg lærte i dag, det blir så spennande!

Fyttikatta så lenge sida det er eg har snakka til eit kamera, men endeleg har eg lasta opp ein ny video. Denne gongen er bestevenninna mi, Astrid, med på eit spel som heiter “Stor i kjeften”. Alle har nok sett facebookvideoane der ein har ei slags bøyle i munnen og skal uttale forskjellege setningar. Sida Astrid er den som har redigert videoen får dikka sjå alle mine deilige og vakre vinklar, mens ho sit der som ein uskuldig unge. Heldigvis er eg ikkje redd for å visa dikka at slevet mitt renn nedover kroppen, så enjoy.

Endeleg tilbake på blogg.no etter ei utruleg fin helg saman med min kjære i Oslo. Me hadde det skikkelig, skikkelig koselig sjølv om været ikkje heilt var på vår side. Det var direkte ISKALDT i Oslo, og eg reiste berre i ei skinnjakke, heh. Smarte Susanne. Planana vore var å møte Catrine, ete digg mat, kino, museum og møte Sigrid og Jenny. Alt dette fekk me til på to dagar, utan kino. Me fann ut at det blei så seint at me heller tok oss to rundar Gruble i senga, som i grunn var ti gongar koselegare. For å gjere opp for ingen blogging i går har eg filma nokre klipp, satt dei saman og lagd ein liten film til dikka. Så da er det berre til å seie: snurr film!

Eg må berre skrive under på ein ting; eg har verdas finaste kjæreste både på innsida og utsida. Eg elskar deg til månen og tilbake kjære Malin min, for alltid.
 

 

#oslo #museum #kunst #kjærlighet