Dagens liste

Categories Kvardag

DAGENS INNKJØP
Etter eg og lille hadde vært oppe med lunsj til Abdi køyrte me vidare mot Strømmen. Eg fekk ein mail om at det var tjuefem prosent avslag på heile barne- og babysortimentet, og bestemte meg for å sjå litt. Sjølvagt klarte eg ikkje å gå deri fra tomhendt, og desse to plagga vart med heim.

DAGENS SAVN 
Kva er det ein ikkje saknar i desse tider? Eg sakar familien, venner, reise og generelt det livet ein hadde før corona skjedde.

DAGENS ANTREKK 
Jeans, oversized t-skjorte og olajakke. Med andre ord ikkje så veldig spennande. I tillegg for å sjå ut som ein ekstra nørd gikk eg med joggeskoa mine som er fulle av jord og skitt. Sånn kan det gå når du får gnagsår og i tillegg har ei knekt lilletå.

DAGENS HUMØR
Dagen har vært superbra, i tillegg er eg kjempe spent på å reise til Gjøvik i morgon. Det blir første gang eg møter svigerfamilien face to face – og det blir også veldig rart å reise tilbake til der heile historien til eg og Abdi starta. Sjå kor den starta, og sjå kor me er no.

DAGENS FRUKOST
This one! Heilt dilla – havregraut, blåbær, peanøttsmør og kalorifri-karamellsaus.

DAGENS STØRSTE GLEDE
Samtalen med Astrid på telefonen. Eg saknar vennene mine som bur spredt utover i Norge kvar einaste dag, og det var ekstra kjekt å snakke med Astrid. Eg er så takknemlig for alle fine vennene eg har i livet mitt.

DAGENS PLANER
Ta det rolig og forberede reisen til Gjøvik. Eg må rydde litt i bilen, ettersom Leila (Abdi si søster) også skal sitte på. I tillegg må Jasmine sin bag pakkast slik at me har med nok bleier og eit ekstra bytte.

DAGENS FUNDERING
Tenk kor lenge ein går og ventar på denne lille skapningen for så å bruke all den energien på å få ho til å sove – haha!

1 kommentar

1 thought on “Dagens liste

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *