Min ufiltrerte fødselshistorie #1

Categories Jasmine

Endeleg har eg tenkt til å dele fødselshistorien min. Den kjem til å bli ufiltrert, ekte og rå – så visst du vil lese om ein glanshistorie ber eg deg klikka ut av bloggen. Ettersom det er så masse å fortelle deler eg den opp i tre delar; før, under og etter. Her er del ein.Tenk at eg endelig er blitt mamma, Abdi har blitt pappa og lille Jasmine er her hos oss. Skal eg være heilt ærleg føltes det ikkje ut som ho skulle komma i det heile tatt på slutten, og eg var heilt sikker på at ho aldri kom til å komme ut. Visst du har fulgt bloggen min lenge veit du at termindatoen min var den 27. februar, og eg var egentlig ganske innstilt på å gå overtid. Sjølv om ein innstiller seg på dette blir dagane utruleg lange dagen ein går over den magiske datoen. I tillegg hadde eg ein del modningsteikn i det termindatoen begynte å nærme seg som rygg- og magesmerter, kynnara og nedpress. Ikkje nok med det, men eg følte magen hadde seget ned noko eg også fekk bekrefta av familie og venner.

Savna gigamagen kvar einaste dag!

I mens eg venta på overtidskontrollen min den 6. mars prøvde eg alle moglege kjerringråd som skulle hjelpe fra A-Å. Spesielt godt hugsar eg da eg skulle ete ein heil ananas. Då eg gjekk opp på Kiwi kjente eg det stramma seg rundt magen og eg var sikker på at det var ei rie, men det kom ikkje tilbake. Kun mammaer forstår følelsen av spenning i det dei trur dei kjenner den fyrste ria – oooooog, kor skuffa ein blir når ein forstår at det ikkje var det. Uansett kor hardt me prøvde å få ut Jasmine likte ho seg FOR godt der inni og nekta å komme ut. Ho er allereie ein stabukk noko me også fekk oppleve under fødsel. Skikkelig trivselsmenneske.

Uansett kom den 6. mars og eg var sikker på at eg endelig skulle få bli satt i gang. Dog var eg veldig usikker på om eg ville det, eller om eg ville vente til siste stopp. Abdi var med opp på Ahus der me gjennomførte CTG (undersøkelse der ein ser på aktiviteten og hjerterytmen til den lille), ultralyd og vaginal undersøkelse. Ettersom eg hadde styrt på og baka, vaska, gått trapper og mykje meir tenkte eg at no, no skulle eg vertfall være 3 cm åpen. I det eg såg opp på legen og ho sa at eg var 2 cm og umoden kjente eg igjen på den store skuffelsen. Eg veit det er veldig teit å tenke sånn, men automatisk popper det opp tankar som at “kroppen min klara ikkje ein gang å sette i gang fødselen sjølv”, “eg klarar jo ingenting”. Sjølv om eg ikkje var moden valgte ho å strippe meg lett der ho kom til, og ein skulle sjå an i laupet av helga om det hadde noko effekt. I tillegg kjente eg frykten begynte å byggje seg opp over at det var ei stor jente som skulle komme til verden. På vekstestimeringen sa legen at ho mest sannsynlig skulle være 4000 gram, men at det kunne skille på 300 gram +/-.Det var aldri snakk om å bli igangsatt på fredag, noko som egentlig gjorde meg glad sida eg sjølv veit korleis det er med ressursar i helgene. Redusert. Eg fekk beskjed om å komme tilbake på mandag for igangsetting, visst noko ikkje skjedde i laupet av helga..

1 kommentar

1 thought on “Min ufiltrerte fødselshistorie #1

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *