Min ufiltrerte fødselshistorie #2

Categories Jasmine

Det siste eg skreiv var at me vart heimsendt og hadde eit håp om at noko skulle skje av seg sjølv naturlig i laupet av helga. Lørdag skjedde det ingenting, og heller ikkje søndag. Sida ingenting hadde skjedd naturleg i laupet av helga møtte eg opp aleine på Ahus mandag som planlagt. CTG, ultralyd og legeundersøkelse stod for tur – og ut ifrå dette kom me fram til at ballong var det smartaste.Eg kunne aldri tenka meg noko meir unødvendig enn ballong, og hadde aldri høyrt at det hadde effekt. I mens eg tok blodprøvane kjente eg riene som begynte å ta seg rolig opp – men eg gjekk heim uten stopp eller pause. Når eg kom heim hadde eg så sabla vondt i magen og ryggen og fant fram ei varmeflaske for å lindre. Er det noko som er skikkelig smertestillende uten medikament er det jaggu varme og varmt vatn. Det er magisk!

Her er skjermen som er tilkopla CTG-maskina som eg forklarte i forrige innlegg. 138 er babyens hjerterytme og den nederste linja viser sammentrekninger i livmora. Tallet 7 kan vise kor sterke sammentrekningene dine er. Under fødsel var denne på godt over 100!

For å prøve å slappe av litt gjekk eg til sengs for å forhåpentligvis få litt søvn, noko eg også fekk. Det store nederlaget kom da eg våkna og riene eg hadde kjent på før eg gjekk til sengs hadde avtatt heilt. Timane gjekk uten at murringane kom tilbake, og eg var fast bestemt på at morgendagen skulle komme sammen med modningspiller og drypp. Lite visste eg jo da om at klokka 18.30 skulle ballongen min dette ut. Eg fekk beskjed om å jevnlig dra litt i ballongen, og klokka halv sju drog eg lett i ballongen og der kom den ut. Ettersom eg innstilte meg på at eg kom til å starta med fødselen tirsdag bestemte eg og Abdi oss for å gå opp på Kiwi for å kjøpe is, og kose oss med siste dagen som “aleine”. I det me gjekk opp på Kiwi kjente eg at noko skjedde, magen stramma seg! Eg fekk mi fyrste rie! Den fyrste rien er ikkje så voldsom vond, men ein merkar at det er noko som skjer. Det er som alle seier at når du får di fyrste rie, skjønnar du at det er ei rie og ikkje ein kynnar.

Me satt og kosa oss med is og såg på TV, mens me venta på at riene skulle ta seg opp eller om dei kom til å gå over. Riene mine tok seg så sjukt opp og innen tre timar satt eg i dusjen på ein stol Abdi hadde fått pressa inn i kabinettet og spylte varmt vatn på magen og ryggen. Abdi stod utanfor med rieteller og motiverte meg. Ein ting skal eg lova dikka, og det er at han er den beste partneren eg kunne hatt med meg under fødsel og motiverte og støtta meg heile vegen. Etterkvart begynte riene å komme mykje oftare og på ti minutt hadde eg tre-fire rier. Me bestemte oss for å ringa føden, og fekk beskjed om å vente til dei varte rundt 50 sekund – 1 minutt. To timar seinare ringte me taxi og kom oss opp på Ahus, fødeavdeling.

Detta bildet er tatt klokka 12.37 på tirsdag 10. mars, og eg hadde her vært i fødsel sida kl 03. 

Etter å ha komt inn på fødestua og blitt undersøkt fekk eg vite at riene mine var svake, men at fødselen var i gang med mine 3 modne cm. Den første delen av fødsel fra rundt klokka 1-3 gjekk veldig seint sjølv med intense rier som kom oftare og oftare. Eg hadde gleda meg så sjukt til å få ligge i badekar, og kjente eg vart lei meg når eg ikkje fekk det. Sida eg visste at varme hadde ein lindrende effekt satt me oss på badet, eg i dusjen og Abdi på ein stol ved sida av meg. Etter å ha sittet i dusjen i rundt ein time fekk me komme inn på rommet der fødselen skulle ta plass, og eg blei lagt på CTG. Når ho da undersøkte meg var eg 4 cm, og me fekk endelig epidural! Dikka som skal føde, gjer meg ein tjeneste; takk JA til epidural. Før epiduralen med rier kvart tredje minutt var smertene på ein solid 7’ar og ein veit ikkje kor ein skal gjere av seg når dei værste riene kjem. Med epiduralen merka du veldig, veldig lite til riene og det er absolutt verdt å få slappa av litt. Me sov ti minutt rundt klokka sju, og det gjorde verkeleg underverk. Etter nokon ekstra doser smertestillende i epiduralen begynte eg å merke meir og meir, og eg fekk endelig lov til å prøve å presse litt rundt klokka 12. Dette hjalp minimalt og dei bestemte seg for å ta vatnet. Etter vatnet blei tatt blei eg fort 1 cm meir åpen og fekk lov til å presse! Her begynte det å gjere så sjukt vondt og epiduralen funka nesten ikkje lengre.. Etter å ha pressa i rundt 1 time uten at Jasmine kom noko lengre ned fekk eg beskjed om å legge meg på sida i ein times-tid for å sjå om det kunne hjelpe å få ho lengre ned. Alt gjorde så vondt og berre det å snu meg krevde hjelp av to ettersom eg fekk alt for masse smertestillende og hadde null følelse i beina og kunne så vidt hjelpe til. Mens Abdi og jordmødrene støtta og hjalp meg kjente eg at eg følte press igjen og ba om å få pressa.

Det jævligaste med heile pressingen var at eg høyrte jordmor og jordmorstudenten snakka om at ho ikkje kom lengre ned. Eg skjønte meg ikkje på korleis eg skulle presse for eg fekk ho ikkje lengre ned! Etter ein time til med pressing uten noko særlig effekt fekk eg beskjed om at jordmødrene hadde prata med legen som kanskje måtte komme å hjelpe til, noko eg nekta for. Eg er ein skikkelig stabukk og skal alltid klare ting sjølv. Etter å ha pressa ein time til, og totalt tre timar med pressing klarte eg ikkje meir. Eg var utmatta, livredd og så sliten. Uansett kor eg prøvde å presse ned så klarte eg ikkje å få ho ut, og eg ba om å få inn legen for å få hjelp. Eg hugsar ikkje så masse fra siste del av fødsel anna enn ein fryktelig redsel for at Jasmine ikkje skulle komme levande ut. Lille babyen min. Etter legen hadde kopla på sugekoppen løfta eg hovudet mitt og såg ho i augene og skreik “få ut babyen min, få ho ut levande, hjelp meg”. Ein blir heilt desperat. Eitt press med sugekopp, to press med sugekopp og drahjelp – også var Jasmine ute. Tirsdag 10. mars 2020 – klokka 14.37 kom du til verden 58 cm lang og 4555 gram tung. Tenk at me endelig hadde fått ut jenta vår, og ho endelig var her hos oss. Å få ho på brystet er den mest magiske følelsen eg nokon gang har opplevd, og det er ingenting som kan samanliknast med det. Ingenting. Eg såg opp på Abdi og innsåg at livet endelig var komplett 🖤

Eg griner av det bildet her fordi det var eit augenblikk som stod heilt stille, der det berre var oss tre i heile verden. Å få holde ho, sjå ho og holde rundt ho var heilt ubeskrivelig. Alle smertene gjekk vekk og alt ein føler er berre lykke. Verdens stoltaste foreldre.

 

 

1 kommentar

1 thought on “Min ufiltrerte fødselshistorie #2

  1. Ååååå tårene renn når eg les historien din 💕💕💕💕FANTASTISK..Dette er det største ein opplever i livet

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *