Overlevde eksamen

Categories Kvardag

Tenk at eg overlevde eksamen! Er ikkje det bemerkelsesverdig så veit ikkje eg. Åtte veker med eit helvette er gjennomgått, og forhåpentligvis består eg. Faktisk håpar eg at eg gjer meir enn å stå, fordi eg føler eg har fortjent det. Sjølv om eg har hatt dårlige periodar i andre eksamener, der eg har gått langt ned, har denna eksamen gått overraskande bra. Takket være ei gruppe som er fantastisk, masse omsorg fra mine nærmaste og riktig energibruk. Eg har ikkje tvinga meg til å trene menst eksamen har pågått, men eg har prioritert å bruke energien min på det som er riktig. Vel blåst!

 

I dag feira eg eksamen bestått med jentene, der me kjøpte oss kaffi og oreokaka. Som forresten er mi absolutt favorittkaka. I tillegg fekk me snakka om litt forskjellig. Faktisk reiste eg ned på CC for å kjøpe ferdig julegaver, men neida. Kjøpte heller ting til meg sjølv. Denna jula har eg bestemt meg for å gjere dei siste julegavene litt meir personlig. Heimelaga gåver er så mykje meir personlig enn noko anna. Dersom julegåvene er meir gjennomtenkt, føler eg at eg legg litt meir sjel i dei – dermed er det litt meir av meg i gåvene. Siste rest skal lagast i laupet av den kommande veka. Kanskje eg skal tipse dikka litt om resultatet slik at dikka har julegåvene for neste år klart?

 

5 kommentarer

5 thoughts on “Overlevde eksamen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *