Trenger du julestemning annbefalar eg absolutt å ture innom julemarkedet i Oslo. Eg veit det pleier å vere ganske mange mennesker der, men i dag, klokka tolv på ein mandag var det fint og rolig. I helga har eg vore i Oslo ein liten tur, fordi eg skulle på jobbintervju i dag. Fra slutten av mai har eg solgt på ein avdeling på AHUS, og intervjuet gikk veldig bra. Sjukepleiaren har allereie ringt den eine referansen min, så det er jo fint. Endeleg begynnar livet å falle litt på plass – eg har funnet the one, funnet eit yrke eg synest passar meg og funnet ein plass eg vil busetja meg. Tenk at eg er ferdigutdanna og skal stå på eigne bein; wæ, skummelt!

No skal eg straks ordne meg litt før gjengen skal på julebord. Eksamensgruppa mi og eg skal til Salt og Pepper for å ete noko digg – samt drikke litt godt. På skjermen snurrar ein ny serie kalla Familien Hammerström, som ligg på NRK. Svenskane har så sinsjukt mykje meir å by på innen reality enn Norge. Me har så masse å lære av nabolandet! Nei, nok snikksnakk – no må eg begynne å ordne meg.

 

Tenk at eg overlevde eksamen! Er ikkje det bemerkelsesverdig så veit ikkje eg. Åtte veker med eit helvette er gjennomgått, og forhåpentligvis består eg. Faktisk håpar eg at eg gjer meir enn å stå, fordi eg føler eg har fortjent det. Sjølv om eg har hatt dårlige periodar i andre eksamener, der eg har gått langt ned, har denna eksamen gått overraskande bra. Takket være ei gruppe som er fantastisk, masse omsorg fra mine nærmaste og riktig energibruk. Eg har ikkje tvinga meg til å trene menst eksamen har pågått, men eg har prioritert å bruke energien min på det som er riktig. Vel blåst!

 

I dag feira eg eksamen bestått med jentene, der me kjøpte oss kaffi og oreokaka. Som forresten er mi absolutt favorittkaka. I tillegg fekk me snakka om litt forskjellig. Faktisk reiste eg ned på CC for å kjøpe ferdig julegaver, men neida. Kjøpte heller ting til meg sjølv. Denna jula har eg bestemt meg for å gjere dei siste julegavene litt meir personlig. Heimelaga gåver er så mykje meir personlig enn noko anna. Dersom julegåvene er meir gjennomtenkt, føler eg at eg legg litt meir sjel i dei – dermed er det litt meir av meg i gåvene. Siste rest skal lagast i laupet av den kommande veka. Kanskje eg skal tipse dikka litt om resultatet slik at dikka har julegåvene for neste år klart?

 

 

I helga var eg og A heime for fyrste gong i lag. Fire månadar har eg tilbragt med dette fantastiske mennesket og i den anledningen tok me oss ein tur til Årdal. Familien min måtte sjølvsagt hilse på han. Som bestevenninna mi seier “han har jo ein veldig bra energi og utstråling”, og tru meg – det har han. Derfor sjarmerte han alle i senk! Me hilste på foreldre, besteforeldre, tante og min gamle sjef. Sjølv om familien min ikkje hadde likt han hadde jo eg fortsatt vært med han, fordi han får meg til å føle meg som ei prinsesse kvar einaste dag. 

 

Eg føler meg så heldig som har kapra denne mannen her. MANNEN. Dei eg tidligare har vore i forhold med har ikkje vore mannfolk. Dei har ikkje stått for meiningane sine, optredt som voksne mennesker eller behandla meg som ein mann. Små ting han gjer i kvardagen gjer meg så lykkelig, og det har vore dei fire finaste månadane eg har hatt på lenge. A, eg elska deg ♥

 

 

Takk for at du får meg til å le kvar einaste dag ♥

 

CHRISTMAS 🦌🤶🎄

 

 

Fyrst og fremst må eg seie unnskyld til dei som ikkje pyntar, drikk julebrus eller et pepperkaker før fyrste desember – men eg har pynta til jul. Vel, eg var jo berre heilt nøyd! Som student er du ikkje i hybelen rundt juletider, og derfor tenkte eg at eg ville ha det opp no slik at eg vertfall har det ein månad. Gårsdagen blei tilbringt saman med eksamensgruppa, deretter litt kjærestetid. Før A kom pynta eg alt bortsett frå juletreet. Det kom opp i dag. 

 

I det eg stod og pynta tok eg fram nokre ting som betyr meir enn andre. Den kvite engelen som dikka ser under fekk eg av oldemor, som var verdas snillaste menneske. Ho vart gammal og døydde då eg kun var eit barn. Sjølv om eg har mista oldemor tenkte eg meir på dei som har ingen. Dei som tilbringer jul åleine, på gata, på sjukehus, på psykisk instutisjon – the list goes on. Som helsearbeider jobba eg jo på sjukeheim og i fjor var det tre av åtte som fekk reisa heim. Så trist! Hadde det vore eit fint tilbud i Årdal hadde eg garantert holdt nokon med selskap på dagen! All respekt til dei som gjer jula fin for andre. 

 

 

Jentene samla, ostekaka og ein deilig kaffekopp – kunne blåmandagen blitt betre? Ja for i dag har faktisk vore ein skikkelig blåmandag! I det siste har eg blitt tulleringt midt på natta, og i natt var intet unntak. Klokka fem blei eg og A vekt av ukjent nummer. Folk som har så hobbyproblem at dei ringer så tidlig burde verkeleg finne seg ein anna hobby. To timar seinare våka eg med tidenes hodepine og var så svimmel at eg så vidt kom meg på do. Ein time seinare satt eg på skulen og fant ut at oppgåve tre av fire er like grusom som dei to andre. Fire timar etter det gløymde eg lommeboka i det eg stod i kassa på Rema. You get my point, skikkelig blåmandag. 

 

 

 

Det heile løyste seg derimot når eg fekk setja meg ned litt, senka skuldrene og ikkje minst catcha opp med jentene! Eg trur det har gått mange veker sida alle sist var samla, og det er alltid like koselig når det først skjer igjen. Tiden flaug, samtalen gikk på skinner og kaka blei tom fortere enn eg kan blunke. Eit samtaleemne som var dominerande i dag var faktisk boligkjøp. Altså eg forstår meg ikkje på dette! At det skal være så vanskelig å skaffe seg ein fast plass å bu er jo heilt sjukt. Hadde derimot eg spart fra dag ein, ikkje brukt alle komfirmasjonspengane mine på Tyrkiaturar og droppa all unødvendig salghandling hadde eg kanskje hatt litt meir på BSU – og vært litt klar for boligmarkedet. Men slik ståa er no er det vertfall ikkje snakk om å kjøpe i førsteomgang. I tillegg fatter eg ikkje at det skal være så vanskelig for ein sjukepleiar i minimum åtti prosent stilling å få kjøpt. Man har fast jobb, fast inntekt, stabil og har vist at man tar livet på alvor – men neida! Ein skal helst spara minimum fire hundre tusen. This shit is making me crazy. Alle dikka som har foreldre som kan stå som kausjonistar; LUCKY BASTARDS!

 

No er planen å smørje seg litt kveldsmat, lage seg enda ein kopp med te og nyte resten av kvelden med rolige hits samt eksamensskriving. Må få unnagjort litt før samvittigheten seier seg fornøyd. Håpar dikka alle hadde ein litt betre blåmandag enn meg ♥

 

 

 

 

Kveldene kjem fortare, sofaen freistar meir enn før og teen smakar enda meir. November er ein månad som ein absolutt har lyst til å bu i pleddet med tven rullende med noko bra surrende på tv. Personlig har eg fått sansen skikkelig for dokumentarar, og tenkte derfor å annbefale dikka tre av mine favorittdokumentarar den siste tida:

 

 

·· EN SØSTERS KAMP ··

 

En søsters kamp er ein så fin, og viktig dokumentar! Denne handlar om ei jente som blir misshandla heilt fra sine barne- og ungdomsår, som kjempar ein kamp for alle andre søskena sine. Man får høyre sterke historier frå opplevelser ho har gjennomgått, samt møte med bror og søster som levde under samme tak med like mykje vold i heimen. I tillegg får vi sjå reaksjonar rundt møtet med mora som forlatte hovedpersonen allereie når ho var spedbarn. Så sterk, fin og viktig dokumentar. Du kan sjå den på NRKTV. 

 

 

·· GÅTEN ORDERUD ··

 

Orderudsaken er den mest spennande kriminalsaka som er skjedd i min historie. I pinsen 1999 var mor, far og datter funnet drept i sin eigen heim. Mysteriet er enda uoppklart men Veronica og Per blir pågrepet og sikta for drapet på sine eigne foreldre og svigerforeldre. I tillegg blir Kristin (søstra til Veronica) sikta for drap, og kjæresten til Kristin kjem unna med to års fengsel for medvirkning til drap. I denne serien der ein episode kjem ut kvar veke følgjer vi forlaupet i drapssaken. SJUKT spennande! Serien kan du finne på NRKTV

 

 

·· GAGA: FIVE FOOT TWO ··

 

Denne dama skrik jo berre GRLPWR! For ei rå dame. Etter A Star is Born filmen rulla på kinoen er eg blitt heilt obsessed med Lady Gaga, rett og slett på grunn av den sjuke stemma ho har fått tildelt. Men alt er ikkje glitter og glamour bak fasaden. Ho har slitt med hofteproblemer etter ei traume, noko som går utover hennar personlighet og korleis ho har det fra dag til dag. Høyres ikkje så spennande ut, men er faktisk ein veldig fin dokumentar som eg vil anbefale alle – uansett om du er LG fan eller ikkje. Ligg på Netflix.

 

 

I dag fikk eg med meg Marte på trening, og ho har endeleg meldt seg inn på Toten. Som Marte har sagt i heile dag; no er det no mercy. Planen er at me skal ha fire faste dagar i veka med trening, tre med styrke og ein med cardio. I det siste har jo eg lagt på meg litt av det eg gjekk ned, noko som ikkje er til å stikke under ein stol. Kjærleikskiloane har meldt sin ankomst, noko som har ført til meir feitt på kroppen, redusert kondisjon og nedsatt muskelkraft. Men viktigast av alt er det å halde seg litt i aktivitet vertfall, og i dag hadde me vår fyrste økt. Under økta fann me ut at det er lurt å ha eit fast program å følgje for å få mest mogleg ut av økta. 

 

Cubus har jo Big Smile dag i dag, så det var førti prosent på alt der til klokka var ti. Derfor var eg nede og kjøpte den siste julegaven for i år, og den skal også pakkast inn – så er eg ferdig. I tillegg måtte eg ha nokre nye sokker som var dødssøte med katter på. I tillegg har eg og treningspartneren min jobba med eksamen, laga oss salat og Helene sjekker inn rullar på TVen i bakgrunnen. Herlig tirsdags ettermiddag.

 

 

 

  • LAGE BUDSJETT  Som tidligare skrivet på bloggen er eg ein racer til å bruke opp pengane før eg eigentleg har sett kor masse eg har fått i lønn. No er det stopp på det. Shoppestoppen går ganske bra, sjølv om eg var alt for nær å klikke heim ei nellypakke for 1500 i går. Derimot skal eg kjøpe ei kameralinse (forhåpentligvis brukt), sida Marta fekk kjøpe seg nye støvletter. Det pengane mine går til er utruleg mange småbeløp! Ein iskaffe i kantina, pepsi max på jobb, sjokolade på laurdag blir fort over hundre kroner. Denne veka blir eg jo vekke så og sei halve veka derav blir jo sikkert også matbudsjettet mindre. EIN tur på butikken skal bli.

 

  • OSLOTUR  På torsdag reiser eg til Oslo for å besøke familie, og forhåpentligvis venner. Hakeem veks jo for kvar einaste dag som går, og eg kjenner eg savner både han og jentene mine. I tillegg er det alltid koselig å vere med søstern – ettersom me klikkar så godt sammen. Torsdag til søndag befinner eg meg i Oslo, og skal prøve å få blogga litt derifra.

 

  • BLI FERDIG MED OPPGAVE 2/4  Eksamen nærmar seg slutt med stormskritt, og eg gleder meg til eg kan krysse den av som ferdig. To av fire oppgåver er nogenlunde ferdig og i midten av desember skal alt leverast inn som ei mappeoppgåve. Det som er kjipt er at vi skriv tre store oppgåver, mens det kun er ein av dei som blir valgt ut – waste of time? Yes.

 

  • GI KLESSKAPET DETOX  At the moment er klesskapet mitt eit einaste kaos. Det er klær over alt, lite sortert og alt for rotete. Eg rydda det jo for ikkje så alt for lenge sida, og fekk solgt unna tre bæreposer med klær. Kven veit? Kanskje det blir litt klær til salgs denne gongen også?

 

  • STRIKKE, STRIKKE, STRIKKE  Tirilgensaren står på agendaen, og eg har allereie fått strikka litt – men manglar jo sjølvsagt armar og den øverste delen av genseren. Derimot må eg bli ferdig til eg og A skal til Årdal fordi mommo skal hjelpa meg litt med den øverste delen. Så derfor må eg strikke heime, på jobb og på toget.

 

  • BESTILLE FLYBILLETTAR TIL POLEN  Endeleg lønning, og eg kan endeleg bestille 1/2 flybillettar. Eg føler eg har nemnt så mykje om denne Polen turen, og kor mykje eg gleder meg. Warszawa here we come.

 

  • TREKKE PRAKSISPLASS  På torsdag skal me trekke plass til den aller siste praksisplassen og eg er livredd. Altså draumen hadde jo vore og trekt plass nummer ein og fått valgt Gjøvik legekontor, men så lenge eg får innafor desse områda så er eg nøgd. Trekker eg derimot plass nummer hundre og endar opp i Lom veit eg ikkje kva eg skal gjere. Da kjem eg til å bli heilt knust.

Endeleg eit bord som er større enn mitt tidlegare som hadde plass til maksimum to tallerkar og to glass. Det var høgst nødvendig, og ettersom eg fekk solgt mitt tidlegare, nydlege bord for 350 – betalte jo eg berre 540 for det her? Right? Bordet er fra jysk og takket være Astrid fekk eg skyss opp for å kjøpe det. Klarar nesten ikkje å vente med å invitere jentene til ost- og – kjeks kveld, med masse gossip og ein koselig film på TVen. Dette bordet skal også være med når eg og A flyttar til vår neste plass. 

 

Helga har bestått av jobb, kjærestetid og jobb. Faktisk har eg tatt på meg mange ekstravakter slik at eg får hustla litt peng til dei turene eg skal på i 2019. I tillegg MÅ eg bli flinkare til å spare, heilt ærlig. Eg såg på lønnsslippen og såg kva eg hadde fått i brutto, så tenkte eg berre damn – kor er alle dei kronene blitt av? Forhåpentligvis skal eg jo ein vakker dag kjøpe meg ein leilighet, kjøpe familiebil og ha peng til mitt høgt ønska A4 liv. Så eg bør jo absolutt begynne å spare. Nokon som forresten har nokon gode tips? Korleis sparar du peng?