Siden sist

Categories Jasmine

Oh well, hello. Det var plutselig sjukt rart å sitte inne på blogg.no igjen, men to skritt fram – og eitt tilbake. Med andre ord, eg tenker å gå tilbake til denne plattformen. I det siste har Nouw skapt på masse problemer med innlogging, innleggspublisering og litt anna diverse. I tillegg har mange av mine nærmaste ønska meg tilbake hit ettersom det er ei nettadresse som er lettare å hugse, og at ein dermed gjer det enklare å besøke denne bloggen enn Nouw.

Eg har så mykje spennande å dele med dikka, men me tar eitt skritt av gangen. Og eg kan jo berre gi ut den største nyheiten av alle, og det er at eg er blitt mamma! Dei fleste som les bloggen er nok familie og venner, men dersom du har besøkt denne bloggen og håpt på eit lite comeback så har eg og Abdi blitt foreldre!! Eg gler meg til å dele masse med dikka, blant anna fødselshistorien. Del ein av tre er snart klar for publisering, og eg synest de bør ble dikka. I den tiden me er inne i no blir det godt å kunne ha noko eiget å drive med, og få tilbake hobbyen som blogger. Det er jo noko eg elskar, nemlig å snakke med dikka, anbefale seriar og tipse om gode produkt. Me har så mykje å ta igjen, eg klarar så vidt å vente ♡

1 kommentar

1 thought on “Siden sist

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *