Vekeshandel + vekesmeny

Categories Kvardag

Vekesmeny

⚬⚬⚬⚬⚬⚬⚬⚬⚬

MANDAG: PASTASALAT MED KYLLING OG PESTO
TIRSDAG: PIZZA MED MOZZARELLA OG PESTO
ONSDAG: TOMAT- OG PAPRIKASUPPE MED FOCCACIA BRØD
TORSDAG: KYLLING MED RIS
FREDAG: FISKESUPPE
LØRDAG: GJVØIK
SØNDAG: MIDDAG HOS SØSS

⚬⚬⚬⚬⚬⚬⚬⚬⚬

God mandag alle sammen, er det berre meg eller burde 18.mai også være ein fridag? Sjølv om me ikkje har vore ute å festa og drukket alko så merkar ein på kroppen at det har vært 17.mai. Eg kan berre tenke meg korleis det er for dei som var på nach til klokka fire i natt. Gamlemor var dog i seng klokka elleve, og me sov til sju. Kroppen min fungerar ikkje uten masse søvn, spesielt sida eg ammar. Eller, kven prøver eg å lura? Eg har alltid kunnet sovet i over ti timar, haha!

I dag har eg og Jasmine vært på butikken for å vekeshandla, og over ser dikka kva som blei med i handlekorga. I tillegg kjøpte jo eig ein Pepsi, men den slukte eg relativt fort – derfor blei den ikkje med på bildene. Vekeshandelen vart på 580 kroner for dei som lurer og inneheld alt me treng til veka, utenom helgegodis. Etter x antall vekeshandlar med godterikjøp på mandag, har eg funnet ut at det er mykje bedre å venta. Kjøper eg godis på mandag er det tomt på tirsdag eller onsdag, så derfor får eg heller kjøpe smågodt på fredag. Eg prøver å bli flinkare til og ikkje spise så sjukt masse godteri i vekedagane, og har også lyst til å bli flinkare til å trene. Sistnevnte er dog ikkje det enklaste med ein baby som vil die nesten kvar time. Som dikka ser i vekesmenyen skal me bruke fleire at fattigstudent sine oppskrifter, og me prøver faktisk vekesmenyane hennar. Eg kjem garantert med ein oppdatering for å sei korleis det har gått i slutten av veka. Håpar dikka også har fått ein bra start på mandagen, fine lesarar.

 

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *